MINE ARBEID

MINE ARBEID

Livet kjem med alle sine nyansar, og ei av dei store gledene med eit maleri er at den som ser og opplever det gjere det med sitt blikk og sin historie. Sitt liv. Slik vert opplevinga og følelsane rundt eit maleri så ulike. Det er alltid eit privilegium å få lov til å ta del i møtet mellom den som ser og opplever og sjølve verket.

Maleria mine vert til i mange lag og ofte med ei blanding av grove flater og detaljerte fargesamansettingar. Eg nyttar både pensel, spatel og ulike materialar for å få fram den rette teksturen og fargeblandinga,
Kvart bilete er ei eiga reise, og ei utforsking av korleis fargar arbeidar saman. Det handlar om balanse, form, - og harmoni. 

Ta gjerne kontakt på mail eller på Instagram dersom du ynskjer pris eller anna informasjon om bilete.

 
Share by: