BAKGRUNN

OM MEG

Eg heiter Astrid og bur på «sommerøya» Stord. Ein nydeleg plass i Sunnhordland - sentralt mellom Bergen og Stavanger. Øyer og område med sjø og fjell «hand i hand» - den finaste kystlinja og imponerande fjellområder.

Midt i dette får eg bu og leva, verta inspirert, arbeida og ha atelier.
Over 25 års fartstid som kunstnar, og mange år med testing av ulike uttrykk og det å gje fridom til ulike idear har lagt grunnlaget for den teknikken eg i dag nyttar. 

Eg er facinert av den verda eg omgir meg med, og hentar inspirasjon frå alle dei ulike menneska eg møter og får ha i livet mitt. Eg finn og drivkraft og begeistring i fjellet og sjøen sine endringar, mine eigne opplevingar av skjønnhet, lys og mørke. Tru. 
Share by: